Vedtekter

Vedtekter for Venabygd Breibandlag SA

Vedtatt på årsmøte 25.7.2012. (Erstatter vedtekter for Venabygd Breibandlag BA stifta
30.6.2004)

§1. Namn
Laget sitt namn er Venabygd Breibandlag SA. Laget er eit samvirkeforetak med vekslande
kapital og medlemstal. Det enkelte medlem sitt ansvar er begrensa til medlemmet sitt
andelsinnskott.

§2. Føremål
Laget har som føremål å driva fram, samt sjølv å leggja til rette for breibandsutbygging i
Venabygd. Målet er eit best mogleg breibandstilbud til alle medlemmer og å tilby tilknytning til
alle interesserte i lagets dekningsområde.
Venabygd Breibandlag SA skal vera ein organisasjon utan politisk eller livssyns-tilknytting.

§3. Forretningsadresse
Laget skal ha forretningsadresse i Ringebu kommune.

§4. Andelskapital
Laget sin andelskapital skal vera fordelt på andelar a kr.300,-. Det skal berre teiknast ein
andel for kvart medlem. Andelen gir stemmerett på medlems- og årsmøter. Andelen er ikkje
omsetteleg og gir ikkje rett til utbytte eller forrenting ut over eventuell etterbetaling. Ved
eventuell utmelding attendebetales andelen.

§5. Medlemsskap
Styret kan etter søknad ta opp fysiske og juridiske personer/føretak heimehøyrande i
Venabygd sokn som medlem. Føresetnaden er at dei teiknar seg for andel i laget, godtek
vedtektene og følger dei til ei kvar tid gjeldande vilkår for tilknytting og bruk av laget sitt
breibandsnett.
Medlemsskapen gir rett til å knytte seg til laget sitt breibandsnett under føresetnad av at styret
finn dette praktisk og økonomisk gjennomførleg. Eitt medlem kan teikne fleire abonnement
dersom det er ønskeleg.
Medlemsskapen står ved lag så lenge medlemmet betaler eventuell medlemskontingent og
abonnementsavgifter slik dei framgår av leveringsvilkår fastsatt av styret, og fortsatt er
heimehøyrande i Venabygd sokn. Ved opphør av medlemsskap har ikkje utmeldt medlem
krav på andel i lagets kapital, ei heller i eventuelt etterbetalingsfond.
Medlemsskap kan overføres til nytt medlem etter godkjenning av styret, der medlemsskapen
følger fast eigedom i samband med omsetning eller flytting.

§6. Organ og myndigheit

§6.1. Styret
Laget vert leia av eit styre på fem personer som velges mellom medlemmane, av årsmøtet.
Styret skal ha leder og nestleder. I tillegg til styremedlemmer velger årsmøtet minst 1
vararepresentant til styret.
Styret skal førebu årsmøtet og gjennomføre andre medlemsmøte dersom det er naudsynt.
Styret er ansvarleg for planlegging, utbygging og dagleg drift av laget sitt breibandsnett. Styret
skal mellom anna utarbeide, vedlikehalde og følge opp reglar for tilknytting og bruk av lagets
breibandnett, herunder definisjon og prising av tenestene laget tilbyr.
Lederen har fullmakt til å signere på lagets vegne.
Styret kan velge egen kasserer blant styrets medlemmer eller leie ekstern forretningsfører.
Leder og kasserer/forretningsfører skal ha like fullmakter til å betale ut rekningar og andre
utgifter frå konto. Det daglege ansvaret ved kontoen skal påliggja kasserer/forretningsfører.
Styret kan ikkje forplikte enkeltmedlemmane juridisk eller økonomisk.

§6.2 Styremøte
Styret skal avhalde styremøter i den utstrekning det er nødvendig for drifta av laget. Det skal
føres protokoll frå møtene.
Saker frå medlemmar kan sendast inn og takast opp fortløpande på styremøta.
For at styremøtet skal vera gyldig må meir enn halvparten av styremedlemmane vera til
stades. For at eit vedtak skal vera gyldig må eit fleirtal av dei frammøtte vera samde. Ved
stemmelikheit har møteleder dobbeltstemme. Styremedlemmene kan ikkje gje kvarandre
fullmakt for å kompensere for fråver.

§6.3. Årsmøtet
Årsmøtet er øvste myndigheit i laget. Det skal haldast årsmøte kvart kalenderår. Årsmøtet
skal leggjast til første halvdel av kalenderåret.
Styret skal leggja fram årsmelding, rekneskap, revisjonsrapport og sakliste for årsmøtet.
Valgkomiteen skal leggja fram forslag til leder, styremedlemmer, vararepresentant og revisor,
og godtgjersle til desse. Forslag til sakliste skal sendast ut til lagsmedlemmene i god tid før
møtet, og ikkje seinare enn 7 dagar før tillyst tid.
Årsmøtet skal
- Godkjenne innkalling og sakliste
- Velge møteleder og referent
- Behandle årsmelding og rekneskap
- Disponere årets driftsresultat til følgande formål:
    Avsetning til eller belastning av eigenkapital
    Etterbetaling til medlemmene
    Avsetning til etterbetalingsfond
Disponere tidlegare avsatt etterbetalingsfond
Behandle innkomne forslag
Fastsette godtgjersle til styret og revisor
Velge leder for 1 år
Velge 2 styremedlemmer for 2 år
Velge minst 1 vararepresentant til styret for 1 år
Velge 1 revisor for 2 år
Velge 1 representant til valgkomite for 3 år

§6.4. Ekstraordinært årsmøte
Dersom styret eller minst 1/10 av lagsmedlemane krev det, skal det innkallast til
ekstraordinært årsmøte. Ekstraordinært årsmøte skal innkallast med minst 14 dagars frist, og
innan 1 månad frå kravet er framsatt. Innkallinga skal innehalda sakspapir til alle saker som
trengs handsamast.

§6.5. Dagleg leiar
Foretaket kan ha dagleg leiar.
Dagleg leiar skal ved behov eller etter forespørsel gi styret melding om verksemda i foretaket,
stoda for foretaket og resultatutviklinga.

§7. Sanksjonar
Ved brot på vedtektene eller vilkåra for tilknytting og bruk av breibandsnettet, eller ved
utvising av grov aktløyse eller anna opptreden som kan reknast som skadande for laget, kan
medlemmer utestengast frå laget og/eller breibandsnettet ved styrevedtak.
Manglande innbetaling av bruksavgift reknast som brot på vilkåra for bruk av breibandsnettet.
Vedtak om utestenging frå nettet kan utføres proforma av styreleder, med formell behandling
ved neste styremøte.

§8. Vedtektsendringer
Forslag til vedtektsendringer må, for å kunne handsamast av årsmøtet, vera nemnd særskilt i
innkallinga. Til vedtektsendringer krevst minst 4/5 overvekt på årsmøte.

§9. Oppløysing
Dersom Venabygd Breibandlag skulle ønske å leggja ned drifta, må dette vedtakast av
årsmøte med 4/5 fleirtal. Ved eventuell nedlegging skal andelane attendebetales så langt råd
er, eventuelt resterande overskot førast over til eit ikkje kommersielt føremål som årsmøtet
vedtek.
Dersom annan leverandør overtek utstyret, må kjøparen binda seg til å levera breiband til
same pris som medlemane har hatt, til dei som ynskjer å følgja med vidare til ny leverandør.